Fjordantologien 2021

Fjordkonferansen har kvart år gitt ut «Fjordantologien» med dei beste bidraga frå konferansen. Vitskaplege bidrag i Fjordantologien gir publikasjonspoeng. Kvar antologi har eit hovudtema som bidraga skal halde seg innanfor.

Fjordantologien 2021: Stadutvikling

Utsetjinga av Fjordkonferansen til torsdag 12. november, kombinert med ynskje om å kunne publisere Fjordantologien sommaren 2021 resulterte i ein særs stram framdriftsplan.

Redaksjonen for Fjordantologien 2021 inviterte eit utval av dei som sende inn samandrag våren 2020 til å utarbeida eit ferdig artikkelutkast innan 09.10.2020. Vi fekk inn i alt 17 bidrag. Alle dei innsende artiklane får førebudd attendemelding på konferansen og deretter høve til å innarbeide tilbakemeldingane (om lag 10 dagar) før artiklane vert sende til fagfellevurdering.

På Fjordkonferansen blir det sjølvsagt høve til å presentere andre prosjekt/artiklar enn dei som redaksjonen har valt ut som aktuelle for Fjordantologien, men vi innser at enkelte kan oppfatte dette som mindre attraktivt. Vi vonar likevel de forstår at dette var tiltak som vi måtte sette i verk for å halde framdrifta i arbeidet med Fjordantologien.

Information in English

Due to the corona-pandemic, the board decided to postpone Fjordkonferansen 2020 from June to November 12.

Our main objective is to be on track and release the next Fjordantologi as scheduled at the Fjord Conference 2021. Before the summer season. the editorial board made a selection among the abstracts handed in by March 2020 and the corresponding authors were invited to submit draft papers by October 9th. 17 drafts were handed in and the selected authors will be assigned an opponent at the conference and within about 10 days after the conference, they are committed to submit a revised paper for peer review.