Tema

Temaet for Fjordkonferansen 2018 er «Modellar». Ein modell gir eit forenkla bilete av røyndomen. Dette inneber at modellen fokuserer på dei trekka som ein meiner er vesentlege, samtidig som ein ser bort frå trekk som ein ser på som uvesentlege. Derfor vil ein modell aldri gi ein fullkomen representasjon av røynda. Ein vitskapeleg modell har som mål å studere samanhengar mellom  utvalde eigenskapar for betre å kunne skjøne, skildre og forklare samanhengane, eller for å seie noko om årsak-/verknadseffektar.

Modellar kan inndelast på ulike måtar (fysiske, konseptuelle, grafiske, matematiske, etc.). Det finst mange ulike taksonomiar. Brukar ein omgrepet som søkeord i NTNU Universitetsbiblioteket, får ein nærare 25 millionar treff. Ein finn fort ut at omgrepet «modell» har mange tilnærmingar. Arrangørane er i utgangspunktet opne for alle relevante tilnærmingar til eit så breitt tema, men vi har gjort oss opp tankar om nokre aktuelle undertema:

  • Bruk av ein modell for handtering av eitt eller fleire problem
  • Samanlikningar av fleire modellar som handterer like problemstillingar
  • Revjuartiklar (utviklinga av modellar over tid, taksonomiar, etc.)
  • Systemdynamiske modellar, pedagogiske modellar, forretningsmodellar, etc.
  • Anna (føreslå nye tema innanfor hovudtemaet)

Abstrakt (inntil 250 ord) skal sendast til Johanne Vågø Hoff seinast torsdag 15. februar 2018.

Informasjon frå tidlegare konferansar:

Fjordkonferansen 2017 (program med tracks)

Fjordkonferansen 2016 (program med tracks)

Fjordkonferansen 2015 (program med tracks og deltakarar)

Fjordkonferansen 2014 (tracks og innlegg)

Fjordkonferansen 2013 (tracks og innlegg