Skriftlege innlegg

Fjordkonferansen organiserer tilbakemelding til dei som leverer og presenterer skriftlege innlegg på konferansen.

Alle som presenterer skriftlege innlegg på konferansen, skal få tilbakemelding frå andre deltakarar.  Innlegget skal presenterast munnleg på konferansen og det blir gitt ei førebudd tilbakemelding på dette. Alle deltakarar med innlegg må vere budde på at dei kan verte bedne om å førebu tilbakemelding på ein annan deltakar sitt innlegg. Alle som skal gje tilbakemelding, skal få det skriftelege innlegget dei skal kommentere tilsendt i god tid på førehand. Dei fleste får tildelt eit innlegg på same gruppe som dei sjølve skal presentere i, med forfattar/ar frå ein annan institusjon enn dei sjølve tilhøyrer. 

Skriftlege innlegg bør vere på om lag 2-3000 ord. Empirisk baserte artiklar bør innehalde

  • ei kort innleiing med tema og problemstilling
  • ein presentasjon av relevant forsking på feltet
  • ei grunngjeving og omtale av den analytiske/teoretisk tilnærminga
  • ein grunngjeving av metodeval og omtale av datamateriale
  • ein presentasjon og drøfting av sentrale resultat

Reine teoretiske artiklar med relevans for temaet vil også bli vurderte. 

Innlegga skal innhalde tittel, forfattarar med e-postadresse. Filnamnet skal innhalde etternamn på primærforfattar.