Immateriell kapital
Representantar frå næringsliv, offentleg forvalting og Høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er invitert til å bidra med føredrag eller artiklar om temaet Immateriell kapital.
Den Regionale Fjordkonferansen er eit arbeidsseminar i form av eit ope forum der ein søkjer å utveksle idear mellom forskarar, leiarar i næringslivet og offentleg forvalting. Resultatet frå Fjordkonferansen vil bli publisert i ein antologi.
Det blir invitert til samandrag for artiklar og føredrag til følgjande tema:
- Sosial kapital: Relasjonar, samhandling, arenabygging, nettverk, klynger, logistikk, styringssystem, samarbeid og alliansebygging knytt til både offentlege og private organisasjonar
- Kulturell kapital (intellektuell kapital, humankapital): Utvikling av kompetanse gjennom FoU, praksis, utdanning, opplæring og/eller rekruttering. Bruk av balanseverktøy som «balanced scorecard». Vidare utdanningspolitikk, kultur-/språk-/identitetspolitikk, rolla til sivilsamfunnet/ friviljuge organisasjonar/tredje sektor, sertifiseringsordningar/fagutdanning, patent og patentrettar, læringssystem, læremateriell (E-læring, etc.) både i privat og offentleg sektor
- Tiltak: Konkrete tiltak for integrering, samhandlingsreformar, bedriftsnettverk, betringar i utdanningssystemet, entreprenørskapsopplæring etc.
- Legitimitet: Tema knytte til oppbygginga av legitimitet, omdøme, gooodwill, «brand equity» (merkekapital, merkeverdi), etc.
Viktige datoar
1. februar: Innlevering av abstrakt til føredrag og/eller artikkel, og påmelding til konferansen
1. mai: Innlevering av artikkel for å få kommentar før konferansen
21.-22. juni: Konferanse på Hotell Alexandra i Loen
