Tema 2019: Digitalisering

Temaet for Fjordkonferansen 2019 er «Digitalisering».

Digitalisering viser til ei samfunnsutvikling der manuelle og fysiske oppgåver blir erstatta av elektroniske verkty og metodar. Digitaliseringa har radikalt endra måten informasjon blir henta inn og brukt på. Den har endra produksjon av varer og tenester og samspelet mellom menneske. Digitaliseringa har opna nye vegar  til effektiv produksjon, nye produkt og tenester, betre kommunikasjon og nye demokratiske arenaer. Samtidig blir offentlege styresmakter, bedriftseigarar, arbeidstakarar og utdanningsinstitusjonar stilt overfor nye utfordringar. Digitalisering har revolusjonert kultur- og underholdningsbransjen, gitt forbrukarane større valfridom og forbrukarmakt og lagt til rette for grasrotmobilisering. Digitaliseringa har også skapt nye verktøy der forbrukarar og politiske prosessar kan bli manipulerte. Meir effektiv kommunikasjon har ført folk nærare kvarandre, men har også lagt til rette for nye former for avhengigheit, trakassering og utanforskap.

Vi inviterer til bidrag som set søkjelys på sentrale utviklingstrekk, nye vegar å gå og utfordringar ved digitalisering. Nokre aktuelle undertema kan være:

  • Digitalisering, entreprenørskap og konkurranse. Nye produkt og produksjonsmetodar og marknader
  • Digitalisering i opplæring og utdanning
  • Digitalisering, medium og demokrati
  • Digitalisering i offentleg forvaltning og tenesteproduksjon
  • Digitalisering kunst og populærkultur
  • Digitalisering, utanforskap, nettmobbing og avhengigheit
  • Digitalisering og samfunn

Abstrakt (inntil 250 ord) skal sendast til Lars Julius Halvorsen seinast 1. mars 2019.

Informasjon frå tidlegare konferansar:

Fjordkonferansen 2018: Tema: Modellar

Fjordkonferansen 2017 (program med tracks)

Fjordkonferansen 2016 (program med tracks)

Fjordkonferansen 2015 (program med tracks og deltakarar)

Fjordkonferansen 2014 (tracks og innlegg)

Fjordkonferansen 2013 (tracks og innlegg