Velkommen til Fjordkonferansen 2027

Loen, Alexandra hotel
Loen, Alexandra hotel. Bildet er hentet fra Nasjonalbibliotekets bildesamling. Fotograf: ÅM

Fjordkonferansen 2027 går av stabelen 16. og 17. juni, i Loen. Høgskulen i Volda er ansvarleg for konferansen. Temaet for konferansen er folkehelse.

Folkehelse handlar om meir enn sjukdom og behandling. Temaet omfattar dei forholda som påverkar helse, trivsel og livskvalitet gjennom heile livet, alt frå utdanning til arbeidsliv, kultur, teknologi, miljø og samfunnsutvikling.

På Fjordkonferansen 2027 ønskjer vi å utforske korleis folkehelse blir forma av kvardagen vår og av vala som blir tekne i skular, barnehagar, kommunar, organisasjonar, næringsliv og andre samfunnsinstitusjonar. Konferansen vil løfte fram spørsmål om kva som bidreg til fellesskap og tilhøyrsle, førebygger utanforskap og sosial ulikskap, utviklar helsefremjande lokalsamfunn og korleis teknologi kan brukast på måtar som styrkjer livskvalitet og deltaking.

Vi inviterer til bidrag som belyser folkehelse frå ulike faglege perspektiv, mellom anna oppvekst og utdanning, helse- og omsorgstenester, kultur, idrett og friluftsliv, språk og kommunikasjon, media, teknologi, klima og miljø. Med andre ord vil dei aller fleste fagområde kunne gi viktige bidrag til konferansen.

Vi kjem tilbake med informasjon om programmet, så følg med!