Om Fjordkonferansen 2020

Fjordkonferansen vert torsdag 12. november 2020, og vert avgrensa til dei som har levert bidrag til Fjordantologien. Sjå eiga fane om Fjordantologien for meir informasjon.

Fjordkonferansen er eit årleg fellestiltak for forskings- og utdanningsmiljøa i «Sogn og Fjordane» og Møre og Romsdal. Konferansen skal vere ein fagleg samlingsstad for fagpersonar i FoU-institusjonane i dei to fylka og for fagpersonar i næringsliv og offentleg verksemd som arbeider med FoU-prosjekt og utviklingsprosessar. Høgskulen i Volda, NTNU, Høgskolen i Molde, Høgskulen på Vestlandet, Møreforsking og Vestlandsforsking er aktørar som samarbeider om å arrangere og drive Fjordkonferansen. Konferansen vert driven av ei styringsgruppe med representantar frå desse forskings- og utdanningsmiljøa. Hovudsamarbeidspartnar for Fjordkonferansen er Sparebanken Møre. I tillegg har Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Mørealliansen bidratt med finansiering.

Formål

Fjordkonferansen har to formål. På den eine sida skal den vere ein fagleg samlingsstad for fagpersonar i FoU-institusjonane og fagpersonar i næringsliv og offentleg verksemd som arbeider med FoU-prosjekt og utviklingsprosessar. På den andre sida skal den bidra til å auke den akademiske kompetansen i regionen gjennom å få fleire til å publisere akademisk. Dei mest lovande bidraga vert invitert til å levere manus til «Fjordantologien». Fjordantologien er ein fagfellevurdert antologi som vert utgitt av Universitetsforlaget under vilkåra for open tilgang (Open Access). I det redaksjonelle arbeidet vert det ved behov gitt ekstra oppfølging til fagpersonar med lite publiseringserfaring.

Styret for Fjordkonferansen

Lise Lillebrygfjeld Halse (HiMolde)

Jeanette Varpen Unhjem (HiMolde)

Leif Longvanes (HVL)

Finn Ove Båtevik (HVO)

Lars Julius Halvorsen (leiar) (HVO)

Henriette Hafsaas (HVO)

Øyvind Heimset Larsen (Vestlandsforsking)

Torbjørn Årethun (HVL)

Marte Fanneløb Giskeødegård (NTNU)

Erik Nesset (NTNU)

Linn Kristin Akslen-Hoel (Møreforsking)

Kontaktperson for Fjordkonferansen 2020

Dosent Torbjørn Årethun, Høgskulen på Vestlandet

Kontakt oss på fjordkonferansen2020@hvl.no