Om Fjordkonferansen (2021 versjon)

Fjordkonferansen er eit årleg fellestiltak for forskings- og utdanningsmiljøa i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Konferansen skal vere ein fagleg samlingsstad for fagpersonar i FoU-institusjonane i dei to fylka og for fagpersonar i næringsliv og offentleg verksemd som arbeider med FoU-prosjekt og utviklingsprosessar. Høgskulen i Volda, NTNU, Høgskolen i Molde, Høgskulen på Vestlandet, Møreforsking og Vestlandsforsking er aktørar som samarbeider om å arrangere og drive Fjordkonferansen. Konferansen vert driven av ei styringsgruppe med representantar frå desse forskings- og utdanningsmiljøa. Hovudsamarbeidspartnar for Fjordkonferansen har vore Sparebanken Møre. I tillegg har Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Mørealliansen finansiert konferansen.

Formål

Fjordkonferansen har to formål. På den eine sida skal den vere ein fagleg samlingsstad for fagpersonar i FoU-institusjonane i dei to fylka og for fagpersonar i næringsliv og offentleg verksemd som arbeider med FoU-prosjekt og utviklingsprosessar. På den andre sida skal den bidra til å auke den akademiske kompetansen i regionen gjennom å få fleire til å publisere akademisk. Dei mest lovande bidraga vil bli samla i «Fjordantologien» som vert utgitt av Universitetsforlaget under vilkåra for open tilgang (Open Access). Vi vil gi ekstra merksemd og hjelp til dei som er «nye» i «gamet».

Styringsgruppa for Fjordkonferansen

Lise Lillebrygfjeld Halse (HiMolde)

Jeanette Varpen Unhjem (HiMolde)

Leif Longvanes (HVL)

Finn Ove Båtevik (HVO)

Lars Julius Halvorsen (leiar) (HVO)

Henriette Hafsaas (HVO)

Øyvind Heimset Larsen (Vestlandsforsking)

Torbjørn Årethun (HVL)

Marte Fanneløb Giskeødegård (NTNU)

Erik Nesset (NTNU)

Linn Kristin Akslen-Hoel (Møreforsking)

Kontaktperson for Fjordkonferansen 2021

Førsteamanuensis Heidi Hogset, Høgskolen i Molde, Vitenskapelig høgskole i logistikk

Kontakt oss på fjordantologien@himolde.no