Fjordkonferansen 2027 blir arrangert i Loen 16.–17. juni, med Høgskulen i Volda som ansvarleg arrangør.
Temaet for konferansen er folkehelse. Folkehelse handlar om dei forholda som påverkar helse, trivsel og livskvalitet gjennom heile livet, frå oppvekst, utdanning og arbeidsliv til kultur, media, teknologi, klima, miljø og samfunnsutvikling.
Vi inviterer til bidrag frå eit breitt spekter av fagområde, og meiner at temaet folkehelse er relevant for dei fleste av fagområda som bruker å vere representerte på Fjordkonferansen, og vil kunne gi verdifulle bidrag til konferansen.
Plenumsdelen av konferansen byrjar å ta form, og programmet vert publisert så snart det er klart.
Inndelinga i sesjonar vert gjort av programkomiteen, med utgangspunkt i samandraga som vert sende inn.
Samandrag på om lag 300 ord, sender du til fjordkonferansen@hivolda.no innan 15. februar 2027
Dersom du har spørsmål, kan du kontakte Randi Bergem: bergemr@hivolda.no







