(In English below)
Fjordkonferansen 2024 vert halden i Loen 6. og 7. juni og me inviterer til ein tverrfagleg konferanse med temaet regional konkurransekraft. Dette er eit vidtfemnande tema som inneheld ulike aktivitetar eller tiltak som påverkar den økonomiske, sosiale, kulturelle eller demografiske utviklinga i eit område.
Retningslinjer for presentasjonar:
Presentasjon på bakgrunn av ein førebels artikkel (med paper):
- Presentasjon 10 min
- Hovudkommentar 5 min
- Diskusjon 10 min
Presentasjon utan grunnlag i ein førebels artikkel (utan paper):
- Presentasjon 15 min
- Diskusjon 10 min
Omtale av konferansen
Regional konkurransekraft kan definerast på ulike vis, alt etter fagtradisjon og problemstilling. Ein brei definisjon av omgrepet kan vera: Den evna ein region har til å betra leve- og livsstandarden i regionen.
Dette inneber at graden av konkurransekraft i ein region er påverka av ressurstilgangen i vid forstand, som til dømes tilgangen på næringsareal, på arbeidskraft, på historiske og kulturelle verdiar i regionen, på fysisk infrastruktur, på helsetenester og på utdanning, forsking og fagkompetanse i regionen.
Konkurransekrafta i ein region er óg påverka av korleis dei ulike ressursane vert kopla saman. Dette gjeld utviklinga av innovative evner i arbeidsstyrken, teknologi i private og offentlege verksemder, dei organisatoriske evnene til tilsette og leiarar i privat og offentleg sektor og korleis produkta og regionen vert marknadsført.
Konkurransekrafta til ein region vil og bli påverka av handlingane til offentlege og private verkemiddelaktørar.
Me inviterer til bidrag som set søkjelyset på trekk ved regional konkurransekraft. Nokre stikkord kan vera:
- Næringsutvikling (tilrettelegging av næringsareal, utvikling av bedrifter eller bransjar, tilrettelegging for etablering av offentleg aktivitet)
- Entreprenørskap (etablering av eiga verksemd, evt. saman med andre)
- Innovasjon/teknologisk og organisatorisk utvikling i private og offentlege verksemder (telemedisin, utvikling av og tilpassing til ny velferdsteknologi, endring/utvikling av organisasjonen i bedrifter og offentlege verksemder)
- Marknadsføring (marknadsføring av regionen, delar av regionen eller av ei verksemd/ein bransje/eit produkt)
- Samfunnsplanlegging og landskapsarkitektur (stadutvikling)
- Destinasjonsutvikling
- Reiseliv og turisme
- Lokal/regional identitet
- Skule, utdanning og forsking (skule- og utdanningsstruktur, undervisingsopplegg, samverknad mellom utdanning/forsking og lokalt/regionalt næringsliv)
- Kultur (den historiske/kulturelle identiteten til ein stad/ein region)
- Friviljug sektor (skildring/analyse av aktivitetar i friviljug sektor som kan trekkja til seg, eller skapa ny aktivitet i regionen)
- Helse/Folkehelse (skildring/analyse av helse- eller folkehelserelaterte aktivitetar som kan gjera arbeidsstyrken/innbyggjarane i regionen friskare/meir arbeidsføre)
- Idrett, idrettskultur og friluftsaktivitetar.
Samandrag (Abstract) på inntil 300 ord skal sendast til Fjordkonferansen2024@hvl.no seinast 14. mars 2024.
Fjordkonferansen 2024
The registration deadline for Fjordkonferansen 2024 is Monday 3 June.
Fjordkonferansen 2024 will be held in Loen on 6 and 7 June and we hereby invite you to an interdisciplinary conference with the theme of Regional competitiveness. This is a topic that includes various activities affecting the economic, social, cultural or demographic development in an area.
Guidelines for presentations: Presentation based on a (preliminary) paper:
- Presentation 10 min
- Comments from an assigned referee 5 min
- General discussion 10 min
Presentation not rooted in a (preliminary) paper:
- Presentation 15 min
- Discussion 10 min
About the conference
Regional competitiveness can be defined in different ways, depending on discipline. One possible definition is: The ability of a region to improve the living conditions or the standard of living for the population in a particular region. This implies that the competitiveness of a region is affected by its endowment of resources, such as labour, areas for commercial activities, historical and cultural locations, physical infrastructure, access to health services and education and access to academics and skilled workers.
Regional competitiveness is also affected by the combination of resources. This applies to develop innovative abilities in the workforce, applying new technology in private and public enterprises, increase organizational skills of employees and managers in both private and public sector and to procedures regarding the marketing of regional products.
The competitiveness of a region will be affected by the measures carried out both by public bodies.
We invite you to write a paper that shed light on some aspects regarding regional competitiveness.
Some of these aspects could be:
- Business development (facilitation of areas for running businesses or public activity)
- Entrepreneurship
- Innovation/technological and organizational development in private and public enterprises (developing new welfare technology, organizational development in private or public sector)
- Marketing (marketing of the region, parts of the region or of a business/an industry/a product)
- Community planning/urban planning/rural planning or development, landscape architecture
- Destination development
- Travel and tourism
- Local/regional identity
- Schooling, education and research (location of schools/universities, curriculum, collaboration between educational/research institutions and local/regional businesses)
- Culture (the historical/cultural identity of a city/region)
- Voluntary sector (analysis of activities conducted in voluntary sector that might create new activity in the region)
- Health/Public health (analysis of health or public health-related activities which can make the workforce/inhabitants of the region healthier/more capable of working)
- Sport, sports culture and outdoor activities.
Submission of abstracts: March 14. 2024 to Fjordkonferansen2024@hvl.no. Maximum 300 words.