Praktisk informasjon

Fjordkonferansen 2024 vert halden på Hotel Alexandra i Loen torsdag 6. og fredag 7. juni.

Overnatting

Hotel Alexandra tilbyr konferanseprisar på overnatting. I påmeldingsskjemaet til konferansen må du haka av for om du ynskjer overnatting og eventuelt kor mange netter du treng, samt skrive inn detaljert fakturainformasjon. Informasjon om overnatting og fakturering blir vidareformidla til hotellet.

Transport

Du kan kome deg til Loen og Hotel Alexandra med buss, båt, bil eller fly.
Sjå hotellet sine nettsider for å lese meir om alternativa for transport til og frå Loen:

Fotografi av Hotel Alexandra med fjell og lettskya, blå himmel i bakgrunnen

Foto: Hotel Alexandra