Fjordkonferansen 2022 NYSKAPING

Hotel Alexandria Loen, 16 – 17. juni 2022.

Temaet for årets Fjordkonferanse er nyskaping. Vi inviterer med dette til ein diskusjon av omgrepet nyskaping i brei forstand. Vi ønskjer at tema for konferansen skal stimulere til ein fruktbar debatt om korleis omgrepet “nyskaping” gjer seg gjeldande innan og på tvers av ulike fagfelt.  

Teksten nedanfor inviterer dykk alle til å knytte omgrepet nyskaping til ditt eige fagfelt.  

Sjølve konferansen finn stad på Hotel Alexandra i Loen 16. – 17. juni. Når ein diskuterer omgrep som nyskaping eller innovasjon kjem ein fort inn på korleis ein skal forstå Universiteta og Høgskulane si rolle og særskilt deira rolla i samarbeid med næringsliv. Plenumssesjonane tar tak i denne debatten og inviterer Professor Hans Petter Hildre (NTNU), Førsteamanuensis Arve Hjelseth (NTNU) og Prorektor for innovasjon og samfunn ved UiS, Rune Dahl Fitjar (UIS) til å bidra med sine perspektiv.   

Programmet for konferansen finn du her

Oversikt over sesjonane finn du her

Nedanfor finn dykk ein meir inngåande introduksjon til tema.  

NYSKAPING 

Omgrepet «nyskaping» vert stadig oftare nytta i samfunnsdebatten. I norsk språk femner «nyskaping» vanlegvis vidare enn «innovasjon». Kva er nyskaping? Kva ytre og indre faktorar påverkar nyskaping?  

Auka merksemd rundt omgrepet “nyskaping” kan sjåast i samanheng med stadig raskare omstillingstakt i samfunnet. Den utfordrar næringsliv og offentlege verksemder til å tenke ut nye, og ofte tverrfaglege, løysingar. Nyskaping handlar då om å sjå mogelegheiter.  Innanfor marin og maritim sektor kan ein til dømes sjå på nye “grøne” krav og stadig teknologisk nyvinning, som to drivarar utfordrar eksisterande praksisar og løysingar. På NTNU har det skapt ulike prosjekt som ser på alternative løysingar for framdrift av skip, utsleppsfrie alternativ for transport til turiststader og mykje meir. Riktige val av IT-løysningar i ulike faser vil vere naudsynt for å lykkast med nyskaping. Strategisk IT-kompetanse er derfor ofte like kritisk som forståing av produkt, tenester, forretningsmodellar og marknader. Ny teknologi skapar og rom for nye måtar å organisere og koordinere arbeid på. Til dømes er det i helsesektoren stor aktivitet knytt til velferdsteknologi – som i stor grad vil påverke korleis ein tenker velferd og omsorg.  

Sistnemnte er ei påminning om at endring ikkje er verdinøytral, men bring med seg viktige spørsmål om kva vi som samfunn verdsette (t.d. kva er god eldreomsorg), kva er arbeid og korleis skal arbeid best organiserast (t.d. skal skip i større grad styrast frå land?). Kva rolle spelar verdiar, teknologi, kunnskap, profesjon, praksis, politikk, mediedekning, organisering og andre faktorar i desse nyskapingsprosessane? Kva er resultata av desse prosessane, og for kven? 

Eit anna døme på ein ytre faktor som har tvinga fram nyskapingsprosessar dette året er restriksjonane i samband med den globale pandemien. Strenge avgrensingar på fysiske møte mellom menneske har hatt dramatiske konsekvensar for undervisningssektoren, kulturlivet, helse- og omsorgssektoren, reiselivet, kyrkjelivet, utelivsbransjen, handelsnæringane, industrien og frivillig sektor.  

Vi vil i Fjordkonferansen 2022 sjå på nyskaping frå ulike vinklar. Vi ynskjer bidrag som kan kaste lys på drivarar, barrierar og positive, så vel som negative, konsekvensar av nyskaping. 

Nokre relevante spørsmål kan være: 

  • Legg auka omstillingskrav i samfunnet til rette for meir nyskaping? 
    • Nye tenester 
    • Nye metodar 
    • Nye undervisningsformer 
    • Nye arbeidsformer 
    • Berekraftig utvikling 
  • Korleis utfordrast eksisterande profesjonelle og organisatoriske skiljelinjer av nyskapingsprosessar?  
  • Kva er beste praksis for nyskaping og nyskapingsprosessar i ulike sektorar? 
  • Nyskaping, innovasjon og utvikling, er dette det same? 
  • Har nyskaping mørke baksider? 
  • Kva er utfordringane for leiing, koordinering, undervisning og evaluering ved tvungen overgang til digitale plattformer? 
  • Kva mogelegheiter og utfordringar kjem med utviklinga av mogleggjerande teknologi? 
  • Og mykje, mykje meir 

Abstrakt på 250 ord sendast til fjordkonferansen@alesund.ntnu.no innan 15. mars

Ønskjer du å få tildelt ein som kommenterer på innlegget ditt på konferansen, må du levere utkast til presentasjon/artikkel innan 15. mai