Sparebanken Møre sin forskarpris for beste artikkel i Fjordantologien 2021

Redaksjonen har samrøystes vedteke at artikkelen «Fortetting og byspreiing: Praksis og haldningar gjennom tretti år i fire norske kommunar» av Kyrre Groven, (Vestlandsforsking), Liv Norunn Hamre (HVL), Karen Richardsen Moberg (VF) og Torbjørn Selseng (VF) skal bli tildelt Sparebanken Møre sin forskarpris for beste artikkel i Fjordantologien 2021:

Redaksjonen finn at artikkelen held høg vitskapleg kvalitet. Artikkelen er gjennomarbeid både metodisk, analytisk og språkleg og det blir vist til eit omfattande empirisk materiale.

Artikkel bidreg til å tette fleire kunnskapshol. I følgje artikkelforfattarane er kunnskap om fortetting og byspreiing, både som fysisk fenomen og som politikkområde best utvikla for dei større byområda, medan ein veit mindre om korleis byspreiing og fortetting har utvikla seg i og rundt små og mellomstore tettstader. I tillegg er det òg behov for meir kunnskap om korleis desse prosessane har endra seg over tid. Artikkelen er dermed med på å fylle ny kunnskap inn dette kunnskapsholet i tillegg til at bidraget er viktig for det ålmenne ordskiftet om fortetting og byspreiing. 

Sentrale funn i studien er mellom anna at arealbruken i undersøkingsområda varierte sterkt mellom dei fire kommunane Horten, Sogndal, Malvik og Trondheim, og at Sogndal skilde seg ut med klart større forbruk av jordbruksareal og naturområde per ny innbyggjar og år, samanlikna med dei andre kommunane. Funn frå spørjeundersøkinga viser at arealforbruk i dag i sterkare grad blir oppfatta som ei kjelde til alvorlege miljøproblem enn for 30 år sidan. 

Redaksjonen registrerer også at dette er eit samarbeid mellom institusjonar, med Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet og såleis stør opp under ei av Fjordkonferansen sine målsetningar. 

Til sist meiner redaksjonen at artikkelen treff godt på tematikken til Fjordantologien 2021 som er Stadutvikling, der undersøkingsområda er tettstadene Sogndal, Malvik, Hortenby og Trondheim aust.

Se artikkel om prisutdelingen i Høgskolen i Molde sin nettavis Panorama.
Se artikkel om plenumsesjon med hovedtalere i Høgskolen i Molde sin nettavis Panorama.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.