Sparebanken Møres forskingspris 2020
Vinnarartikkelen set søkelys på korleis innføring av digitale verktøy etablerer nye sosioøkonomiske praksisar og at det er det konkrete samspelet mellom teknologi, sosiale relasjonar og lokale praksisar som avgjer utfallet. Ein styrke ved artikkelen er at den løfter fram eit regionalt perspektiv på digitalisering og globalisering.
Artikkelen tek utgangspunkt i klyngeteori og nyttar empiri frå den maritime klynga i Møre og Romsdal. Forfattarane unngår ukritisk digitaliseringsoptimisme og demonstrerer at taus og kontekstuell kunnskap framleis spelar ei viktig rolle i organisasjonar, sjølv i ei verd med auka globalisering og digitalisering. Dei argumenterer overtydande for at regional og lokalisert læring framleis er viktig i utvikling og deling av kunnskap.
Sparebanken Møres forskingspris for 2020 går til Lise Lillebrygfjeld Halse, Ove Bjarnar og Dag Magne Berge, alle ved Høgskolen i Molde, for artikkelen “Digitalisering og regional kunnskapsutvikling”.
Se artikkel om prisutdelingen i Høgskolen i Molde sin nettavis Panorama.